søndag 6. oktober 2013

Mulago Hospital, veke éin

Frekke frakkar!
Anne og Christian var på pediatrisk allmennklinikk med Dr. Emmanuel

Heimhugen slo til då denne T-skjorta kom inn. Stoltzen 2012!
Hannah og Dr. Margaret på lækjarkontoret ved allmennmedisinsk poliklinikk for vaksne
Hildegunn var også her!
Hannah lagar afrikansk (søt!) te
SIB-kantina kan gå og leggje seg. Full middag til 10 kr (maks) - dersom maten kjem på bordet...

torsdag 3. oktober 2013

Dei fyrste dagane i Kampala


Me sjåast, Noreg!
Yeah!
Anne glad for å kome fram
Ham Towers. Kjøpesenter, hotell, heimen vår
4 timar i dollarkø. Då vert til og med desse to jentene gretne
Hildegunn og Anne fekk ikkje lov til å vere med på kampen
Fin utsikt gjennom vindauge som ikkje kan lukkast att
Klestørk ved Mulago Hospital
Litt på cunten, den der...
Lugandisk språkkurs må til for å forstå våre svenske vener
Hannah har nett spist opp maten
Ein slitan og varm mzungu

mandag 30. september 2013

Mzungu, mzungu!



Det ropast frå alle kantar der me ferdast.  Boda-bodasjåførane, små born og selgarar, alle vil ha tak i oss der me traskar langs støvete vegar i Kampala.  Mzungu? Ordet kjem frå Swahili og tydar opprinneleg "person roaming around aimlessly" ifølge Wikipedia.  Dette ordet brukast for kvit person, og me kjenner oss eigentleg nokså trufne.

Me er fire medisinstudentar frå Bergen som skal vandre meir eller mindre fortapt rundt i Uganda heilt fram til adventstida.  African time er no den nye standarden, difor kjem og fyrste innlegg akkurat passe seint.